Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor
Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt
hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 700 mill.
Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport,
natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing,
landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode
parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune

For å styrke vår økonomifunksjon søkjer vi:

Rekneskapsansvarleg

Hovudoppgåver vil normalt vere:

  • Systemansvar for rekneskapssystemet, som pt er Visma Business
  • Controllerfunksjon for selskapet og tilknytta selskap
  • Bokføring og avstemming av alle skattar, avgifter, periodiseringar, beholdningsendringar og
    ikkje-standardiserte transaksjonar.
  • Utarbeide rapportar til leiing og bistå prosjekt-/anleggsleiarane med prosjektrapportar og
    rekneskapsfagleg støtte
  • Klargjering av rekneskap til revisor og oppfølging mot denne.
  • Rekneskap frå A-Å på eigedoms- og prosjektselskap med mindre drift.

Stillinga inngår i økonomiavdeling med ca 3 årsverk pt. Løpande håndtering av inngåande- og
utgåande faktura, samt betalingar blir normalt handtert av andre på avdelinga, men ein må pårekne
å bistå ved behov.

Interesse for korleis vi kan bruke og utnytte dataverktøy til best mogleg informasjonsflyt og
effektivisering vert vektlagt positivt.

Vår forventning er at du:

  • Har høgare økonomisk utdanning.
  • God brukarkompetanse på IT
  • Solid erfaring frå rekneskap eller revisjon.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Er strukturert og løysingsorientert

Vi kan tilby:

  • Utfordrande arbeidsoppgåver der du får vere del av eit selskap som skapar noko kvar dag.
  • Ein variert kvardag med ulike prosjektformer og faglege problemstillingar.
  • Eit godt fagmiljø.
  • Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.

Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 . Søknad med cv kan
sendast stilling@sartordrange.no så snart som råd. Kandidatar blir vurdert løpande