Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 700 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune
For å styrke vårt arbeid med å skaffe oppdrag søkjer vi:
Kalkulatør
Hovudoppgåver vil normalt vere:
• Kalkulasjon av anleggsentreprisar
• Bistå prosjekt- og anleggsleiar med oppfølging og innkjøp i prosjekt ved behov
Vår forventning er at du:
• Har bakgrunn som ingeniør eller teknisk fagskule. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
• Gode brukarkunnskap innan IT
• God teikningsforståing og helst erfaring med modellbaserte oppdrag
• God kontrakts- og økonomiforståing, samt kremmarånd.
• Erfaring med NS3420 og SVV prosesskodar.
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Er strukturert og løysingsorientert
Vi kan tilby:
• Utfordrande arbeidsoppgåver
• Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
• Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
• Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.
Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller prosjektsjef Rune Grimstad på 97 73 30 55. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande