Sartor & Drange AS er oppstått i 2021 ved samanslåing av dei tradisjonsrike verksemdene Sartor Maskin og Drange Maskin. Vi har mål å vere ein leiande anleggsentreprenør i Vestland Fylke og vårt hovudfokus er bergensregionen. Vi er ca 180 tilsette i konsernet og årleg omsetning vert ca 700 mill. Vi tilbyr tenester innan veg- og grunnarbeid, vatn- og avløp, betongkonstruksjonar, transport, natursteinsmuring, fjellsikring, boring og sprenging, grovholsboring og fundamentering, asfaltfresing, landmåling og totalentrepriser på bygg. Kontorstad vert i moderne lokaler med gode parkeringsfasilitetar på Straume i Øygarden kommune

For å styre oppdrag med hovud- og totalentreprisar søkjer vi:

Anleggsleiar

Hovudoppgåver vil normalt vere:
• Anleggsleiing av prosjekt innan anleggssektoren. På større prosjekt vil anleggsleiar arbeide i prosjektgruppe leia av prosjektleiar. På mindre prosjekt vil anleggsleiar ha hovudansvar frå kontrakt til sluttdokumentasjon og etterarbeid
• Ansvar for at prosjektet blir gjennomført som det skal på kvalitet, framdrift, HMS, miljø og økonomi
• Vere deltakande i kalkulasjon og andre driftsrelaterte oppgåver.

Vår forventning er at du:
• Har bakgrunn som ingeniør eller teknisk fagskule. Lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
• Brukarkunnskap innan IT
• God skriftleg og munnleg framstillingsevne
• Er strukturert, løysingsorientert og handlekraftig.
• Kan skape gode relasjonar med både kundar, tilsette og leverandørar.

Vi kan tilby:
• Utfordrande arbeidsoppgåver
• Ein variert kvardag med ulike prosjektformer.
• Eit godt fagmiljø med kompetanse på både prosjektering og utføring.
• Konkurransedyktig løn, forsikrings- og pensjonsordningar.

Spørsmål om stillingen kan rettast til dagleg leiar Arild Bøthun på 41 51 11 04 eller prosjektsjef Rune Grimstad på 97 73 30 55. Søknad med cv kan sendast stilling@sartordrange.no. Kandidatar blir vurdert løpande